Om sida

..og litt om fotografen?

Dette er mitt vesle galleri, også kalla ein "portfolio", ei samling med bilder som er blant favorittane mine i ein del forskjellige kategoriar, ein grei måte å vise litt av kva eg har gjort på med kameraet mitt, og forhåpentlegvis imponere litt med tanke på motiv eller fototeknikk.

Bak kamera står, sit og ligg Egil Rotevatn, for augneblinken student i Trondheim. Tidlegare tidsfordriv har vore fotolinja på Øytun folkehøgskule i Alta, og tjeneste i sjøforsvaret i Bodø. Som sunnmøring født og oppvaksen i Volda har turar til alle tidar på året vore ei sjølvfølge for meg. Turane går gjerne med ski på beina, men helst i bra helling og med god utsikt på toppen. Hovuddelen av bileta mine kjem på jakt etter ein liten blome eller den høgaste fjelltoppen, men eg prøvar meg på det meste og har ingenting imot ei utfordring når det kjem til fotografering.

Den siste tida har eg i tillegg fikla med ein fotoblogg, nedom skal det dukke opp nokon av bilda du kan sjå der.

..likar du det du ser?

Desse sidene vart laga både for å vise kva eg har gjort dei siste åra og for å reklamere for bilda mine.
Ser du noko du likar så send meg ein e-post så kan me sikkert ordne noko.

"Det er mye rart i naturen" - Ludvig Holberg